Får lærarstudentar nok kompetanse til å undervise i litterær analyse?
Skjønnlitteratur tapar terreng hos unge lesarar i dag, og skulen vert difor staden for møte med litteratur for mange elevar. Difor vert desse litteraturmøta essensielle for korleis elevar vidare kjem til å møte litteratur, og om dei kjem til å søke skjønnlitteratur i det heile. Eit viktig spørsmål vert då, er lærarstudentar førebudde for å hjelpe elevar gjennom litterære møter og analyse av litterære tekstar etter enda studie? Eg vil difor sjå på forholda mellom universitetsfaget NORD1104 – teori, sjanger og analyse og norskfaget i praksis, for å sjå på korleis emnet førebur studentar til å undervise i litteraturanalyse. Kunnskapsløftet legg vekt på littære analyse og den kompetansen elevane skal oppnå gjennom skuleløpet, blant anna gjennom at elevar skal « lese og reflektere over et stort og variert utvalg av eldre og nyere tekster i ulike sjangere og fra ulike medier» (Utdanningsforbundet, 2013). Etter vidaregåande opplæring skal elevar blant anna vere i stand til å lese