Lærarstudenten som fråfallen lesar - Om litteraturens framtid i norsk skule
"Lærerutdanningene kan ikke forutsette at studentene allerede er lesere,eller at de på egenhånd vil utvikle seg til å bli det senere i livet" (Skaar, Elvebakk og Nilssen, 2016). Dette vert påstått i artikkelen «Lærerstudenten som frafallen leser - Omlitteraturens fremtid i norsk skole» , i tillegg til at mange lærerstudenter leser lite, noen ikke i det hele tatt, særleg når det kjem til lærarstudentar på barnetrinnet (Skaar, Elvebakk og Nilssen, 2016). Gjennom dette innlegget vil eg drøfte kvifor artikkelen er relevant for emnet, og konsekvensane funna i forskingsartikkelen kan ha for literacy i skulen. I artikkelen «Lærerstudenten som frafallen leser - Om litteraturens fremtid i norsk skole» av Skaar, Elvebakk og Nilssen vert lærarstudentane sine lesevanar og haldningar til lesing undersøkt. Gjennom desse undersøkingane ser Skaar, Elvebakk og Nilssen (2016) på kva lærarstudentar fortel at dei har lese, korleis lesinga har utvikla seg gjennom livet og korleis s