Lærarstudenten som fråfallen lesar - Om litteraturens framtid i norsk skule




"Lærerutdanningene kan ikke forutsette at studentene allerede er lesere,eller at de på egenhånd vil utvikle seg til å bli det senere i livet" (Skaar, Elvebakk og Nilssen, 2016). Dette vert påstått i artikkelen «Lærerstudenten som frafallen leser - Omlitteraturens fremtid i norsk skole», i tillegg til at mange lærerstudenter leser lite, noen ikke i det hele tatt, særleg når det kjem til lærarstudentar på barnetrinnet (Skaar, Elvebakk og Nilssen, 2016). Gjennom dette innlegget vil eg drøfte kvifor artikkelen er relevant for emnet, og konsekvensane funna i forskingsartikkelen kan ha for literacy i skulen.

I artikkelen «Lærerstudenten som frafallen leser - Om litteraturens fremtid i norsk skole» av Skaar, Elvebakk og Nilssen vert lærarstudentane sine lesevanar og haldningar til lesing undersøkt. Gjennom desse undersøkingane ser Skaar, Elvebakk og Nilssen (2016) på kva lærarstudentar fortel at dei har lese, korleis lesinga har utvikla seg gjennom livet og korleis studentane forklarar sitt forhold til å lese skjønnlitteratur. Dette vart gjennomført ved obligatoriske innleveringar frå 163 lærarstudentar som skulle svare på denne oppgåveformuleringa: «Min lesehistorie: Hvem leste for meg da jeg var liten, hva husker jeg best? Bøker eller tegneserier jeg var spesielt glad i og hvorfor. Bøker vi leste på skolen som høytlesing. Bøker jeg lånte på skolebibliotek eller annet sted, hva jeg syntes om dem. Hva jeg leste på fritida opp gjennom årene. Hvilket forhold har jeg til lesing i dag, hva slags leser er jeg?» (Skaar, Elvebakk og Nilssen, 2016). Gjennom fenomenologisk hermeneutikk som teoretisk utgangspunkt og ein fenomenologisk metodikk innanfor kvalitativ forsking, vert funna i lesehistoriane frå dei 163 studentane analysert med fokus på subjektivitet og dei subjektive føresetnadar for å forstå livsverda som mogleggjerande for fortolking (Skaar, Elvebakk og Nilssen, 2016).

(Skaar, Elvebakk og Nilssen, 2016)

Dei viktigaste funna av artikkelen var at ca 2/3 har hatt eit positivt forhold til litteratur som har blitt oppretthaldt inn i vaksen alder, sjølv om denne haldninga ikkje vert reflektert i mengda litteratur dei les no (Skaar, Elvebakk og Nilssen, 2016). 31 av dei 163 studentane har tidlegare hatt ei positiv haldning til litteratur, men har i vaksen alder mista denne på grunn av prioritering av andre aktivitetar (Ibid.). Begge desse gruppene har lese ein god del barne- og ungdomslitteratur, og noko krim og fantasy, men lite anna litteratur (ibid.). 18 av dei 163 har utvikla eit positivt forhold til lesing etter kvart, sjølv om dei ikkje hadde det i oppveksten, og 18 av dei 163 har aldri hatt eit godt forhold til litteratur (ibid.). Artikkelen påstår at grunnen til at studentane ikkje les er på grunn av manglande tid, at dei ikkje finn bøker, at leseaktiviteten vert sett på som krevjande, særleg sidan lærarstudentane ser på andre media, som tv og internett som mindre krevjande enn litteratur (ibid.). Dei som har enda opp med ei negativ haldning til litteratur oppgjer i tillegg manglande interesse og konsentrasjon for leseaktiviteten, medan dei som utvikla ei positiv haldning etter kvart gjorde det på grunn av fleirkulturell bakgrunn, og ein aukande interesse for norsk kultur i løpet av oppveksten (ibid.).

(Skaar, Elvebakk og Nilssen, 2016)

Det som er interessant ved desse funna er at lærarstudentane oppgjer sjølv at dei burde lese meir, sett i eit nytteperspektiv gjennom styrking av språk og litteratur som ein inngangsport til ei rekkje ferdigheiter (Skaar, Elvebakk og Nilssen, 2016). Dei fleste studentane les ikkje, når dei les i det heile, for nytten, men stort sett fordi det vert sett på som ein koseleg aktivitet, eventuelt for å lære noko for å dyrke ei særinteresse (ibid.). Eit avvik frå dei fleste studentane var to studentar som grunngav engasjementet i litteratur med noko som samsvarar med det tradisjonelle danningsperspektivet, som det vert vektlagt i Kunnskapsløftet (ibid.). Desse funna gjer at artikkelforfattarane stil spørsmål ved framtida til litteratur i skulen, der eit mindretal har fokus på danning. Vil det gjere at ein heller har ei instrumentell nyttetenking når det kjem til litteratur, der verdien i litteratur vert redusert til målbare kompetansemål, og vil dette overskygge den kontekstuelt formulerte danningstenkinga? Lesing av skjønnlitteratur tapar terreng i skulen til andre formar for media, ikkje berre blant elevane i skulen, men og hos lærarstudentane(ibid.). Det er dette som gjer at artikkelforfattarane meiner at ivaretaking av litteratur ikkje bør vere basert på lærarane sitt forhold til lesing og litteratur, noko dei opne kompetansemål i  dagens skule i stor grad gjer (ibid.).


Eg ser på denne forskinga som relevant for literacy i skulen, sidan det tek opp ein problematikk som kan setje hindringar for utviklinga av literacy-kompetanse hos elevar, særleg når det kjem til leseferdigheiter i skjønnlitterær lesing. Norskundervisninga i dag er prega av at litteraturundervisninga må vike for andre mål, og at fleire og fleire elevar har manglande erfaring med lesing av skjønnlitteratur (Penne, 2006:1). Det er truleg at dette ikkje kjem til å forbetre seg når ein ser at det er ein aukande tendens til at fleire og fleire les mindre etter kvart som ein når vaksen alder, inkludert lærarstudentar (Skaar, Elvebakk og Nilssen, 2016). Dagens litteraturundervisning utan ein erfaren og kyndig lærar krev at eleven har med seg metaforståinga ein kan oppnå gjennom litterær kompetanse, noko fleire elevar ikkje har hatt moglegheit til å oppnå heime, og får då ikkje same tilgangen til litterære tekstar (Penne, 2006:9). Ein viktig del av det å vere lærar er å engasjere og motivere elevane, noko som kan verte problematisk om ein sjølv ser på lesing som ein krevjande aktivitet. Sjølv om forskinga visar at lærarstudentane er positivt innstilt til lesing, les dei svært lite utanom studiet (Skaar, Elvebakk og Nilssen, 2016). Som lærarar er ein modellar for elevane, noko som krev gode ferdigheiter, truverd og autoritet i det ein skal lære vekk for å skape høg motivasjon hos elevar (Skaalvik og Skaalvik, 2013:45). Ideelt sett burde difor lærarane ha meir erfaring når det kjem til litteratur for å kunne gje alle elevar litterær kompetanse, uansett bakgrunn.


Litteraturundervisning i norskfaget kan verte problematisk om det kunn vert fokusert på oppnåing av kompetansemål gjennom ei instrumentell nyttetenking i norskfaget. LK06 vert omtala som ein literacy-reform, der ein har gått vekk frå veldig spesifikke læreplanar og gått over til å fokusere på grunnleggande ferdigheiter, blant anna lesing, skriving og munnlege ferdigheiter, og mål for kompetanse som skal vere oppnådd gjennom skuleløpet (Skaftun, 2015:1). Det er dette som er grunnlaget for at Skaar, Elvebakk og Nilssen (2016) argumenterer for at dagens læreplanar er for avhengig av lærarane sine eigne interesser og engasjement rundt litteratur for å drive litteraturundervisning, noko som funna frå artikkelen viser at nok ikkje er heilt haldbart for å skape engasjement rundt litteratur. Nielsen påstår at «Norskfaget i dag gir rom for å arbeide med litterære tekster som en av en slik myndiggjørende og dannende prosess» (Nielsen m.fl.,2014:4). Dette potensialet for litteratur som ein del av ein danningsprosess er eit viktig poeng når ein ser at berre 2 av 163 studentar faktisk ser danningspotensialet i litteratur for sin eigen del (Skaar, Elvebakk og Nilssen, 2016). Norskfaget kan ha stort potensial til å utvikle literacy-kompetansen til elevane, særleg når det kjem til danning og kritisk refleksjon. Dette fokuset står i fare for å forsvinne om ein er for avhengig av læraren sin eigen interesse i litteratur og eit aukande fokus på å hake av oppnådde kompetansemål. Difor vert det svært interessant å sjå korleis den nye læreplanen kjem til å verte utforma og kva rom den kjem til å gje for djupnelæring i norskfaget og litteraturundervisning.

Denne artikkelen og funna den inneheld er interessant når ein ser på utviklinga av elevane sin literacy-kompetanse i norskfaget i dag, særleg når det kjem til litterær kompetanse. Når ein i tillegg ser forskinga i samanheng med anna litteratur, set artikkelen lys på nokre av konsekvensane den manglande litteraturerfaringa til lærarstudentar kan ha for framtida sine elevar, særleg dei som ikkje har litteraturerfaring før dei kjem til grunnskulen. Dette, i samanheng med måten Kunnskapsløftet opnar opp for ei undervisning i stor grad basert på lærarane sine eigne erfaringar og kunnskap gjer at ein verkeleg bør sjå på: Kva seier dette om litteraturen si framtid i norsk skule, i ei tid med stadig teknologisk utvikling og fare for sosiale forskjellar i utvikling i skulen?


Skriven av Elise Myrhol Devik

Referansar


Nielsen, I. m.fl. 2014. Lesing i norsk. I Skaftun et. al. (red.) Leseboka. Leseopplæring i alle fag på ungdomstrinnet, s. 181-198. Oslo: Cappelen Damm.

Penne, S. 2013. Skjønnlitteraturen i skolen i et literacy-perspektiv. I D. Skjelbred og A. Veum (red.) Literacy i læringskontekster, s. 43-54. Oslo: Cappelen Damm.

Skaalvik, E.M og Skaalvik, S. 2013. Skolen som læringsarena, selvoppfatning, motivasjon og læring. 2.utg. Oslo: Universitetsforlaget
Skaar, H., Elvebakk, L. og J. H. Nilssen. Lærerstudenten som frafallen leser - Om litteraturens fremtid i norsk skole. Acta didactia Norge, vol. 10. Tilgjengeleg frå: https://utdanningsforskning.no/artikler/larerstudenten-som-frafallen-leser---om-litteraturens-fremtid-i-norsk-skole/ (Henta den 30.09.18)
Skaftun, A. 2015. Leseopplæring og fagenes literacy. I Nordic Journal of Literacy Research, vol. 1, s. 1-15. Hentet fra: https://nordicliteracy.net/index.php/njlr






Kommentarer

  1. Hei Elise!

    Dette er et godt blogginnlegg. Jeg synes språket ditt er variert og tydelig. Teksten er godt strukturert noe som gjør lesingen enklere. Avsnittene utgjør en struktur som binder teksten sammen. Samtidig er hvert avsnitt sammenhengende innholdsmessig. Du gjør rede for hvordan forskerne har generert empirien gjennom å gjengi spørsmålene de stilte. I tillegg kommenterer du deres teoretiske og metodiske grunnlag. Videre viser du gode sammenhengende oppsummeringen av de viktigste funnene og forskernes påstander om egne funn. Det er god sammenheng og flyt i resonnementene dine her. Videre viser du gode refleksjoner over hvorfor forskningsartikkelen er relevant for faget og dette er jeg enig i. Du argumenterer godt og knytter funnene opp mot det å være lærer og hvilke konsekvenser funnene kan få for lærere og elever. Jeg synes at forskernes tanker om at læreplanen er for avhengige av lærernes erfaringer og interesser, er interessante. Det er også fint at du trekker inn dine egne tanker her. I siste avsnitt oppsummerer du teksten godt og stiller noen interessante spørsmål til videre refleksjon om litteraturens fremtid i norsk skole. I tillegg vil jeg påpeke at det er fint at du gir leseren mulighet til å visualisere lesingen gjennom å vise illustrasjoner av funnene i studien.

    Jeg vil anbefale deg å lese over teksten høyt for deg selv, da det var noen småfeil (kun, TV og Internett, kommafeil i første setning andre avsnitt etter leddsetningen som er tematisert). Selv om jeg synes at du har et gjennomgående godt språk, synes jeg formuleringen i første avsnitt ble noe forvirrende; kanskje du kan se på dette? Et tips kan være å dele opp setningene slik at de ikke blir for lange. Jeg vil også utfordre deg til å variere språket og setningene enda mer (selv om du som nevnt allerede gjør dette). Du kunne også eventuelt skrevet noe om lærernes handlingsfrihet gjennom LK06 og at det i kompetansemålene står «et sentralt utvalg.. skjønnlitterære tekster...». Hvilke konsekvenser får lærerens egen litteraturlesing for undervisning og for elevenes tilgang til litteratur? Hvordan kan forbedre litteraturlesing både blant elever og lærerstudenter? Du skriver at det blir interessant å se hvordan norskfaget i den nye læreplanen blir. Hvordan håper du at den blir med tanke på å forbedre lesing av skjønnlitteratur og elevenes literacy-utvikling? Hvordan kan det være begrensende at læreren ikke kjenne til et bredt spekter av skjønnlitteratur? Hva da med at læreren burde legge opp til skjønnlitteratur som er knyttet til elevenes interesser? Dette er noen innspill til videre skriving eller refleksjon, men generelt vil jeg si at dette er et godt blogginnlegg som gjengir og reflekterer over funn i en interessant forskningsartikkel.

    SvarSlett
  2. Hei Elise!

    Først og fremst vil jeg si at du på en fin måte har utnyttet bloggplattformen som verktøy, blant annet med å presentere et fargerikt bilde først i blogginnlegget. Du har også, gjennom hele blogginnlegget, brukt lenker og bilder, som gjør at du faktisk benytter deg av bloggsjangeren. Bra! Du innleder blogginnlegget ditt på en bra måte ved å bruke sitat fra den artikkelen du har lest og arbeidet med. Det er bra at du redegjør for hva du skal gjøre videre i blogginnlegget. Dette gjør at teksten får fin flyt allerede fra starten av.

    Din presentasjon av hovedinnholdet i artikkelen kommer fram på en tydelig og presis måte, og du får også med hva artikkelen søker svar på, samt hvilke sentrale funn artikkelen lanserer.
    I din drøftingsdel forklarer du hvorfor denne artikkelen er relevant for literacy-emnet og det gjør du på en god måte. Du har en gjennomgående fin bruk av relevant faglitteratur, blant annet ved å henvise til sitat. Du skriver med et modent språk som gjør innlegget lett å lese. Det som imidlertid kan være lurt å merke seg er at det første bildet ditt mangler kilde. Ellers er det bare litt språklige småpirk. Du skriver blant annet: "Som lærarar er ein modellar for elevane, noko som krev gode ferdigheiter, truverd og autoritet i det ein skal lære vekk for å skape høg motivasjon hos elevar". Her blander du mellom entall og flertall. Her ville jeg nok byttet ut "som lærarar er ein modellar [...]" med for eksempel "som lærar fungerar ein som modell for elevane [...]". Alt i alt, så synes jeg det ser ut som du har jobbet bra med både artikkelen og blogginnlegget. Innlegget var både informativt og lett å lese. Godt jobbet! :)

    SvarSlett
  3. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  4. Hei Elise!

    Først vil jeg si at jeg synes dette er et veldig godt skrevet blogginnlegg. Jeg liker hvordan du starter blogginnlegget med et sitat av Skaar, Elvebakk og Nilssen. Sitatet er med på å gi oss lesere en pekepinn på hva innlegget skal handle om. Det er en veldig interessant artikkel som jeg tenker er veldig relevant for oss som lærerstudenter. Det er jo faktisk slik at man som lærere burde sitte med en litterær kompetanse for å kunne undervise elevene om det. Jeg liker veldig godt at du etter sitatet, skriver hva du tenker å snakke om i teksten. Det gjør det oversiktlig og enkelt for meg som leser å følge med i den videre lesningen. Bra! Selve blogginnlegget synes jeg har en veldig god struktur. Strukturen og innholdet i avsnittene binder selve teksten godt sammen. Du skiller tydelig mellom en del der du redegjør artikkelens viktigste synspunkter, og en del der du drøfter hvordan teksten er relevant for literacy-faget med bl.a. å trekke inn relevante tekster fra pensum. Det jeg likevel savner er dine egne tanker og refleksjoner rundt denne problematikken. Hvilke konsekvenser får en mangelfull litterær kompetanse hos lærerne på undervisningen? Hvordan mener du at man kan bedre lærernes litterære kompetanse?

    Selv om at jeg synes teksten har et gjennomgående godt språk, er det noen setninger som for meg ble litt vanskelige å forstå. I andre avsnittet nevner du begrepene fenomenologisk hermeneutikk og fenomenologisk metodikk. Et tips kan være å definere disse begrepene i teksten, da det kan være vanskelig for leseren å forstå hva dette betyr. Et annet tips kan være å korte ned noen setninger som er litt lange, Jf. Siste setning i avsnitt 3. Her har det vært mulig å gjøre om denne setningen til to kortere setninger. Dette er noen ting du kan tenke på til videre arbeid med teksten din, men alt i alt vil jeg si at dette er et veldig godt skrevet blogginnlegg. Fortsett det gode arbeidet!

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg fra denne bloggen

Grammatikk i skulefaget norsk og universitetsfaget nordisk

Læring av lærestoff og utvikling av språk på skolen- Noen metodiske ideer basert på utprøvde opplegg i Oslo-skolen

Retorikk i norskfag i skolen og på universitet