Grammatikk i skulefaget norsk og universitetsfaget nordisk

Den stadig tilbakevendande debatten om kva rolle grammatikkundervisninga skal ha i norskfaget har fått eit fornya engasjement dei siste åra. Tidlegare forsking har vist at grammatikkundervisning ikkje har ein effekt på elevane sin skrivekompetanse, og det har derfor blitt via lite merksemd til grammatikk i norskfaget dei siste tiåra i både grunnopplæringa og lærarutdanninga. I staden for å fokusere på metaspråkleg bevisstheit, har ein fokusert på det grammatikken ikkje kan bidra med. Seinare forsking har derimot utfordra dette synet, og viser at grammatikkundervisning har ein positiv effekt på skrivekompetansen til elevane. På universitetet blei grammatikk noko eg og andre medstudentar såg på som det mest krevjande ved å studere nordisk. Likevel var det noko ved grammatikkfaget NORD1102 som vekte interessa mi for nettopp dette fagfeltet. I dette innlegget vil eg derfor sjå nærmare på forholdet mellom grammatikkundervisninga i skulefaget norsk og universitetsfaget nordisk. 

Med LK06 og den tungtvegande vektlegginga av grunnleggande ferdigheiter, har posisjonen til grammatikkundervisninga i norskfaget igjen fått stor merksemd. Det er særleg den grunnleggande ferdigheita skriving som kan relaterast til grammatikkundervisninga i norskfaget. Skrivekompetansen til elevane utgjer nemleg ei sentral rolle i norskfaget, men den er også viktig i andre fag på skulen og elles i kvardagen. I eit stadig meir globalisert og digitalisert samfunn blir kommunikasjon, både av skriftleg og munnleg karakter, stadig viktigare. Det pågåande arbeidet med fagfornying og innføring av kjerneelement fokuserer også på dette ved at elevane mellom anna skal utvikle kunnskapar og omgrepsapparat for å skildre grammatiske og estetiske sider ved språket (Kunnskapsdepartementet, 2018:9). Derfor er det viktig at elevane utviklar gode grammatikk-kunnskapar som fører til metaspråkleg bevisstheit, og dermed kan bidra til å forbetre skrivekompetansen deira.

Det blir lagt overraskande lite vekt på grammatikkundervisning i norskfaget på barne-, ungdom- og vidaregåande skule. Sjølv om fleire av kompetansemåla i LK06 fokuserer på at elevane skal meistre grammatiske omgrep om oppbygging av språk og samanlikne dette med andre språk, er det ein god del elevar som manglar denne kunnskapen (Tonne, 2017: 177-178). Dette er noko eg sjølv har erfart i løpet av denne hausten i praksis på ein vidaregåande skule. Mange av elevane har problem med å skrive grammatisk korrekte setningar, og dei har vanskar med å skape samanheng i teksten. Dette kan vere ein konsekvens av manglande grammatikkundervisning på ungdomsskulen. I tillegg er det eit viktig poeng at vi i løpet av praksisperioden ikkje har undervist i grammatikk, då dette ikkje utgjorde ein del av periodeplanen. Dersom eg ser tilbake på min eigen skulegang, stemmer desse praksiserfaringane relativt godt med mi eiga opplæring. Grammatikkundervisninga i norskfaget var sterkt redusert, og dei metaspråklege grammatikk-kunnskapane mine var hovudsakeleg basert på framandspråket tysk. 

Bilete henta her
Grammatikkundervisninga i norskfaget blir i mange tilfelle forbunde med nynorsk som sidemål, der pugging av grammatiske system står i fokus (Solheim, 2009:202). Den evige diskusjonen om kvifor ein skal lære nynorsk og dei negative haldningane mange har til denne målforma, kan vere med på å prege oppfatninga elevar har til grammatikkundervisning. I samtale med nokre andre lektorstudentar med nordisk som andrefag, kom det fram at heller ikkje dei såg nytteverdien av å skrive nynorsk. Desse negative haldingane framtidige norsklærarar har til nynorsk kan derfor vere med på å undergrave grammatikkundervisninga. Læreboka Moment for vg1-elevar problematiserer dette stereotypiske synet med overskrifta «Er norsk grammatikk vanskeleg?», noko som blir ytterlegare forsterka av at sjølve kapittelet er skrive på nynorsk (Fodstad, 2014:286). Dette avsnittet er vel og merke sett litt på spissen, men poenget er likevel viktig. 

Overgangen frå vidaregåande til universitetet kan vere utfordrande for mange, særleg på grunn av den betydelege forskjellen i kunnskapsnivået. For meg blei dette først og fremst gjeldande i språkfaget NORD1102 - grammatikk og pragmatikk, der eg blei introdusert til ei rekke nye grammatiske omgrep. Faget inneber mellom anna å tileigne seg kunnskap om teori, omgrep, problemstillingar og analysemetodar for syntaks, morfologi, tekstlingvistikk og retorikk, noko det blir lagt lita vekt på i norskfaget i den vidaregåande opplæringa (NTNU, 2018). I artikkelen «Lærarrespons på skriving i grunnskulen. Forståing, effekt og moglegheiter» av Ingebjørg Tonne viser forsking at ein god del begynnarstudentar har «hol» i grammatikk-kunnskapane sine, og manglar allmenn fagkunnskap om sentrale syntaktiske og morfologiske omgrep og forståinga av desse (2017:178). Forskinga viser til dømes at berre 15 % av studentane visste at ordforma «studentane» kan beskrivast med bøyingstrekka «bestemt» og «fleirtal» (ibid.). Vidare er det mange studentar som har problem med å forklare kvifor eksempelsetningar, slik som De synger fin, er grammatisk ukorrekt (ibid.:179). Denne forskinga kan derfor vere med på å styrke påstanden om at det er for lite grammatikkundervisning i grunnopplæringa og at overgangen til universitetet dermed blir utfordrande for mange. 

Bilete henta her

Nyare forsking har sett grammatikkundervisninga i eit nytt lys ved å poengtere den positive effekten den kan ha på skrivekompetansen til elevane, noko artikkelen «Re-thinking grammar» av Debra Myhill gjer (2012). Studien i denne artikkelen er basert på ein såkalla «randomised controlled trial», der halvparten av deltakarane er med i ei intervensjonsgruppe og den andre i ei kontrollgruppe (ibid.:1). Det som er verdt å legge merke til, er at intervensjonsgruppa blei utsett for ei grammatikkundervisning der læraren sin LSK (linguistic subject knowledge) var betydeleg betre enn i kontrollgruppa (ibid.). Målet med studien var å undersøke om kontekstualisert grammatikkundervisning ville forbetre den metalingvistiske forståinga til elevane, noko den i stor grad gjorde (ibid.). Etter eit år hadde alle elevane gjort framsteg, men forbetringa var nesten dobbelt så stor i intervensjonsgruppa som i kontrollgruppa (ibid.:18). Dei statistiske resultata viste at læraren sin LSK var ein signifikant faktor for suksessen til intervensjonsgruppa, og at det var dei høgtpresterande elevane som responderte best på dette undervisningsopplegget (ibid.:1). Resultatet av denne studien kom truleg overraskande på mange norsklærarar og tidlegare forskarar som har avvist effekten av grammatikkundervisning. På den andre sida kan forskingsresultata gjere framtidige norsklærarar bevisste på den positive effekten grammatikkundervisninga kan ha, og dermed styrke posisjonen til den i norskfaget. 

Bilete henta her

Vidare kan Myhill si forsking gjere det enklare for framtidige norsklærarar å utvikle elevane sin skrivekompetanse ved at læraren kan fokusere på nokre pedagogiske prinsipp i grammatikkundervisninga. Ved å forbetre grammatikkundervisninga kan ein på sikt truleg endre haldningane mange har i dag til dette fagfeltet. Myhill påpeikar at det er viktig å skape samanheng mellom grammatikken og korleis den fungerer i skrivinga, slik at ein kan utvikle den metalingvistiske forståinga for kvifor ein gjer bestemte lingvistiske val (2018:16). Dette kan gjere at elevane forstår kvifor det skal vere De synger fint i staden for De synger fin. I tillegg er det viktig at det grammatiske metaspråket alltid blir forklart gjennom eksempel og mønster, då dette gir tydelegare rammer for elevane (ibid.:17). Dersom ein forklarer kva eit subjekt er, kan ein vise til eksempelsetningar som Du kjører bil, der «du» er subjektet. Vidare bør undervisninga involvere ein aktiv diskusjon om grammatikk og språkval, og effekten av desse vala (ibid.). På denne måten kan ein fremme ei metaspråkleg lingvistisk forståing hos elevane. For å eksemplifisere dette kan ein ta for seg ulike kommareglar og forklare korleis dei forskjellege reglane gir visse effektar. Til slutt påpeikar Myhill at eksempla bør vere henta frå autentiske tekstar, slik at elevane kan kjenne att dei grammatiske trekka (ibid.). Samla sett kan det vere hensiktsmessig å nytte aktivitetar som stimulerer elevane til å gjere sjølvstendige språklege val, slik dei sjølv påverkar si eiga skriving. 

Forholdet mellom grammatikkundervisninga i norskfaget og universitetsfaget nordisk er som vist ovanfor omfattande. Kva rolle grammatikken skal ha i norskfaget er avhengig av forskingsresultat, læreplanar og haldningar elevar, studentar og lærarar har til dette fagfeltet. Med Myhill sitt forskingsresultat får ein fram viktigheita av god grammatikkundervisning og korleis dette kan vere med på å utvikle ei metaspråkleg bevisstheit hos elevane. Dette vil vere med på å utvikle skrivekompetansen til elevane, og dermed gjere dei meir rusta til universitetet. I tillegg blir den skriftlege kompetansen stadig viktigare i dagens digitaliserte og globaliserte samfunn. Etter mi meining bør derfor grammatikkundervisninga utgjere ein komplementær del av norskfaget. 


Skrive av Birgitte Sæter Hånes


Litteraturliste:

Fodstad, L. A. m.fl. (2014) Moment Vg1, norsk for studieforberedende. Oslo: Cappelen Damm


Myhill, D. A. (2018)Grammar as a meaning-making resource for language
development. Special Issue Working on Grammar in L1 Education: Empirical Research
across Regions. L1 - Educational Studies in Languages and Literature, (18), s. 1-21. 

Myhill, D. m.fl. (2012) Re-thinking grammar:the impact of embedded grammar teaching on 
students’ metalinguistic understanding. I Research Papers in Education27 (2), s. 139-166. 

NTNU (2018) NORD1102 – Grammatikk og pragmatikk. Tilgjengeleg frå:

Solheim, R. (2009) Å arbeide med og på nynorsk. I Smidt, J. (red.) Norskdidaktikk – ei grunnbok. 3. utg. Oslo: Universitetsforlaget, 198-206 

Tonne, I. (2017) Lærarrespons på skriving i grunnskulen. Forståing, effekt og mogelegheiter. 
I Fondevik, B. og Hamre, P. (red.). Norsk som reiskaps- og danningsfag. Oslo: Det norske 
samlaget, s. 173-202. (29 s.)

Kommentarer

  1. Hei, Birgitte :)

    Du har skrevet et godt blogginnlegg. Du har benyttet deg av mange gode kilder, som du også presenterer og fletter inn i innlegget på en velfungerende måte. Jeg synes du innleder og aktualiserer blogginnlegget godt ved å starte med debatten om grammatikkundervisning. Gjerne forklar hva metaspråklig bevissthet er. Du nevner også metaspråklige grammatiske kunnskaper, metaspråklig lingvistisk forståelse og metaspråklig lingvistisk forståelse. Hva er det?

    Jeg synes du har litt manglende kildeføring på en rekke påstander i deler av blogginnlegget. For eksempel: «Det blir lagt overraskande lite vekt på grammatikkundervisning i norskfaget på barne-, ungdom- og vidaregåande skule». Hvem sier dette? Har du erfart dette? Er dette noe du tror? Om dette er Tonnes forskning, som du videre nevner i innlegget, bør dette tydeliggjøres. Likevel trekker du frem praksiserfaring og erfaring fra egen skolegang, og det er flott. Gjerne se over teksten for å kildeføre påstander der slikt kan misforstås.

    Det er interessant at du trekker inn at dårlige holdninger til nynorsk kan prege holdningene elevene har til grammatikkundervisning. Gode tankker. Kan dette også snues på? Siden det er en manglende grammatikkundervisning i skolen, er det tendens til at elevene kun møter grammatikkundervisning i nynorsk. Hadde det ikke vært et bedre møte med nynorsk grammatikk dersom man har hatt en del grammatikkundervisning og er godt rustet før den tid? Bare en tanke.

    Som nevnt trekker du inn en rekke aktuelle artikler som diskuterer viktigheten av grammatikkundervisning. Jeg vil gjerne utfordre deg til å si litt mer om emnet NORD1102 og hvordan dette emnet har forberedt deg på grammatikkundervisning i skolefaget norsk. Er emnet nyttig? Er det en sammenheng mellom hva vi har lært i dette emnet og hva vi skal lære bort? Hva kan endres?

    Godt jobba og lykke til videre :)

    SvarSlett
  2. Hei Birgitte :)

    Du innleder blogginnlegget ditt på en god måte ved å aktualisere temaet. Du viser til at det har vært en lang debatt om grammatikkundervisning. Synes også det er fint at du allerede her trekker inn egne synspunkt, det gjør at jeg blir interessert i å lese videre.

    I avsnittet hvor du nevner at det blir lagt lite vekt på grammatikkundervisning i skolen så synes jeg det er bra at du trekker inn både praksiserfaringer du som lektorstudent har erfart, men også egne erfaringer som tidligere elev. Dette viser at du evner å trekke paralleller, noe som er veldig bra. Jeg synes du har en overordnet god struktur på blogginnlegget der de første avsnittene handler om grammatikkundervisning i norskfaget på skolen. Videre så synes jeg det er bra at du redegjør for nordiskemnet du har valgt. Her knytter du fint inn skolefaget ved å vise til påstanden om at det er for lite grammatikkundervisning i grunnskolen. Det er interessant at du trekker inn forskning og sier litt om den forskningen som Myhill har gjort. Dette er en fin måte å knytte inn relevant pensumlitteratur.

    Ellers har jeg bare noen få bemerkninger:
    Innledningsvis nevner du at det var noe ved NORD1102 som vekte interessen din, kanskje du kun ha skrevet litt mer om dette? Hva var det som virket interessant? Du nevner metaspråklig bevissthet, men kanskje du med fordel kunne ha beskrevet hva det er? I siste setning i fjerde avsnitt så skriver du: "Dette avsnittet er vel og merke sett litt på spissen, men poenget er likevel viktig". Mener du det avsnittet som du har skrevet eller kapitlet i læreboka som du viser til? Noen av poengene i blogginnlegget ditt kunne du også ha kildeført, for eksempel innledningsvis der du viser til forskning. Selv om du kommer inn på selve forskningen senere i innlegget, kunne du med fordel også nevnt dette i innledningen.

    Alt i alt, så synes jeg synes du har skrevet et veldig bra innlegg. Lykke til videre!

    SvarSlett
  3. Hei Birgitte!

    Eit godt skrive blogginnlegg som problematiserer grammatikkundervisning i norskfaget på ein god måte. Veldig interessant å sjå at du har greidd å bygge vidare på ditt tidlegare blogginnlegg. Du visar stødig kunnskap rundt viktigheita av grammatikkunnskapar hos lærarar og elevar gjennom god bruk av pensumlitteratur og relevant fagterminologi . Du har og knytta dette til opp LK06, med bruk av eigne erfaringar som lærar og elev, noko som du har gjennomført veldig bra og reflektert rundt dette på ein interessant måte. Det er nokre punkt eg gjerne vil sjå meir av, blant anna meir konkret knyting av grammatikkundervisning i norskfaget opp mot læringsutbytte du og kanskje andre studentar har fått frå NORD1102. Har du fått nok kunnskap gjennom NORD1102 til å gje nødvendig grammatikkundervisning til dine elevar? Kva er relevant i faget, og kva er ikkje relevant? Eg saknar og litt meir nøye kjelderføring, blant anna i innleiinga di, der du påstår at "Tidlegare forsking har vist at grammatikkundervisning ikkje har ein effekt på elevane sin skrivekompetanse, og det har derfor blitt via lite merksemd til grammatikk i norskfaget dei siste tiåra i både grunnopplæringa og lærarutdanninga.". Eg vil gjerne sjå kva forsking dette er, og kvar du har funne han, for å betre kunne grunngje påstandane dine.

    Elles er det eit veldig bra blogginnlegg, med potensial til å svare på oppgåva enda betre. Godt jobba, Birgitte!

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg fra denne bloggen

Læring av lærestoff og utvikling av språk på skolen- Noen metodiske ideer basert på utprøvde opplegg i Oslo-skolen

Retorikk i norskfag i skolen og på universitet