Er skrivekompetansen hos grunnskulelærarstudentane god nok?



Biletet henta her
Skrivekompetansen hos mange av dagens grunnskulelærarstudentar er overraskande dårleg. I ein studie av Bottenvann kom det fram at berre 3 av 18 norskstudentar fekk godkjent eit obligatorisk arbeidskrav på første forsøk (2017:314). Studien viser at studentane har problem med å finne gode problemstillingar, drøfte, skrive språkleg korrekt og revidere tekstane sine. Lærarstudentane sin mangelfulle skrivekompetanse vil ha stor innverknad på skriveopplæringa elevane vil få når desse framtidige lærarane trer inn i yrkeslivet. Dette viser tydeleg at noko må gjerast med skrivekompetansen hos lærarstudentane. I dette innlegget skal eg presentere ein fagfellevurdert artikkel som omhandlar nettopp dette. Eg skal gå nærmare inn på kva artikkelen søker svar på, sentrale påstandar og funn, samt forklare kvifor artikkelen i lys av relevant faglitteratur er sentral for Norsk som literacy-fag

Artikkelen Å utvikle grunnskolelærarstudentane sin skrivekompetanse av Reidun Bottenvann forsøker å svare på korleis ein kan utvikle skrivekompetansen og styrke tekstbevisstheita til norskstudentane i lærarutdanninga gjennom tverrfagleg samarbeid og autentisk skriving (2017:313). Norskstudentane ved Nord universitet gjennomførte eit tverrfagleg prosjekt i norsk og IKT, der dei gjennom prosessorientert og autentisk skriving skulle utarbeide ein litteraturhistorie-wiki. I evalueringa av aksjonsforskingsprosjektet trekte studentane fram tre hovudmoment. For det første var samanhengen mellom fagleg utvikling og utvikling av akademisk skriving sentral for at skrivinga blei sett på som eit reiskap for læring (ibid.:321). For det andre verka den autentiske skrivinga både skjerpande og motiverande, og ho bidrog til å utvikle mottakarbevisstheita (ibid.). For det tredje gav skriving av digitale tekstar og erfaringar med refleksive skriveprosessar med respons, gode metodiske innfallsvinklar som dei sjølve ønsker å bruke i eiga undervisning (ibid.). 

Skrivestrategiar er ein sentral del av skrivekompetansen hos lærarstudentane. Studentane må derfor ha godt kjennskap til ulike skrivestrategiar og korleis desse kan takast i bruk. Dessverre er det ein del hol i kunnskapen om dette blant lærarstudentane. Tendensen viser at modne og kompetente skrivarar brukar skrivestrategiar anten dei er klare over det eller ikkje, medan mindre kompetente og uerfarne skrivarar ikkje tek i bruk slike strategiar (Bottenvann, 2017:316). På grunn av at undervisning i skrivestrategiar er det mest effektfulle ein kan gjere for å utvikle studentane (og elevane) sin skrivekompetanse, vil dette vere eit naturleg satsingsområde (Udir, 2015). Det er likevel viktig å påpeike at skrivestrategiar ikkje er noko ein berre kan «pøse på» med uavhengig av fag (Blikstad-Balas, 2016:98). Det er derfor nødvendig at læraren identifiserer dei skrivestrategiane som er relevant i sine fag og formidlar desse til elevane (ibid.). 

Kva skrivestrategiar brukar eigentleg studentane? Dei fleste studentane brukar skrivestrategiar knytt til den innleiande fasa av skrivinga, som til dømes disposisjonar, tankekart eller stikkord for å organisere teksten i oppstarten av skriveprosessen. På den andre sida er det få studentar som dreg nytte av skrivestrategiar undervegs i arbeidet. Kvifor er det slik? Kan det vere fordi det er for tidkrevjande eller er det rett og slett på grunn av mangelfull kompetanse? Uavhengig av kva som er bakgrunnen for dette, er det i sjølve skriveprosessen ein lærer mest. Den prosessorienterte skrivepedagogikken basert på kognitiv og sosiokulturell teori fokuserer på dette ved å vektlegge samarbeid, interaksjon og dialog i skriveprosessen (Fjørtoft, 2014:164). I artikkelen til Bottenvann kjem det fram at ein god del studentar har få revisjonsstrategiar og dermed problem med å revidere tekstane sine. Skriveopplæringa må derfor gjere studentane i stand til å revidere tekstane på ulike nivå ved å til dømes sjå på formuleringar, ordtilfang, disposisjon, drøfting, formål, organisering og mottakarorientering (Bottenvann, 2017:317). 


Biletet henta her

Vidare påpeikar Bottenvann at studentane må utvikle eit kritisk og reflektert blikk på både eigne og andre sine tekstar for å kunne utvikle skrivekompetansen til elevane (2017:317). Dette kan ein sjå i lys av kritisk literacy ved at ein må stille seg kritisk til premissa som er realisert i ulike tekstar (Blikstad-Balas, 2016:29). Ein må altså kunne møte tekstar med motstand og kritikk, og kjenne att underliggande haldningar, motiv og ideologiar (ibid.:30). I norskfaget kan lesing av ulike skjønnlitterære tekstar direkte koplast til kritisk literacy ved at ein må ta stilling til andre sine perspektiv, haldningar, idear og verdiar (ibid.:31). Likevel er det viktig å påpeike at kritisk literacy også er gjeldande innanfor skriveopplæringa. Studentane må nemleg forstå kompleksiteten i skriveprosessen. Ein må derfor sørge for at studentane utviklar skriveferdigheitene sine samtidig som skriveopplæringa må gjere dei til gode skrivelærarar. 

Å arbeide tverrfagleg kan også vere med på å utvikle skrivekompetansen hos lærarstudentane. Dette ser ein tydeleg i Bottenvann sin studie, der studentane gav uttrykk for læring i evalueringa av det tverrfaglege prosjektet. Eit viktig moment i det tverrfaglege arbeidet, er at det kan oppstå meiningsfulle samtalearenaer der forventningane til tekstane blir eksplisitte for studentane (Bottenvann, 2017:318). Desse samtalane krev eit metaspråk om tekstar, noko som forhåpentlegvis vil gjere at studentane utviklar nye forståingar om kva som gjer ein tekst god. Målet med dette vil då vere å auke lærarstudentane sin literacy-kompetanse ved å styrke den metaspråklege bevisstheita gjennom eit tydeleg medierande språk (Blikstad-Balas, 2016:97). I tillegg krev tverrfaglege prosjektet ofte kompetanse innanfor digital literacy ved at ein anten må ta stilling til digitaliserte tekstar eller digitale publikasjonsarenaer. Som regel består det tverrfaglege arbeidet av å skrive fagtekstar, og det er derfor viktig at lærarstudentane har gode kunnskapar om dette. Å skrive fagtekstar på tvers av fag kan vere både lærerikt og spennande. Som lærarstudent vil eg fremme tverrfagleg arbeid i skulen. Eg trur dette kan bidra til at elevar ser samanhengar mellom ulike fag, noko som kan føre til at dei ser nytteverdien dette kan ha seinare i livet. 

Men korleis blir ein betre på å skrive fagtekstar? Eg trur samanhengen mellom å lese faglitteratur og skrive sjølv er vesentleg. Dette kan gjere at ein tilarbeider fagstoffet på ein meir lærerik måte. Vidare kan modelltekstar vere med på å gjere studentane bevisst på diskursane i dei ulike faga (Blikstad-Balas, 2016:106). Ein kan til dømes gi studentane rammer for eiga skriving ved å lese modelltekstar, snakke om tekstoppbygging og identifisere typiske kjenneteikn ved tekstane (ibid.). God literacy-opplæring er nemleg kjenneteikna ved at det gjeng føre seg ein dialog om tekstar i klasserommet, til dømes ved at studentane saman undersøker sjangertrekk og komposisjon av tekst systematisk (ibid.:106-107). Mengdetrening er også vesentleg for å bli ein betre skrivar. Til og med lærarstudentar som har gått meir enn 13 år på skule, treng trening på å skrive fagtekstar. Som lærarstudent er det også viktig å gi respons og utnytte mottatt respons. Dersom studentane ikkje har positive erfaringar med responsarbeid i utdanninga, vil dei truleg ha lite engasjement til å arbeide med dette i skulen (Bottenvann, 2017:319). 

Biletet henta her

Grunnskulelærarstudentane sin skrivekompetanse har mykje å seie for korleis lærarresponsen deira vil vere når dei kjem ut i arbeidslivet. I ei undersøking av Holmen kom det fram at dei fleste lærarstudentane hadde store hol i grammatikk-kunnskapen sin (Tonne, 2017:178). I tillegg viste språkmøta i undersøkinga at studentane mangla ein del allmennkunnskap frå tidlegare skulegang (ibid.:179). Allereie på grunnskulen skal elevane meistre grammatiske omgrep og oppbygging av språk (ibid.:177). Lærarutdanninga skal gi studentane kunnskap om syntaks, slik dei kan bruke desse kunnskapane når dei skal rettleie elevane i språkarbeidet i skulen (ibid.:177). På grunn av at lærarane ikkje har tilstrekkelege grammatikk-kunnskapar, vil elevane få ei dårlegare grammatikkundervisning og dermed bli dårlege skrivarar. I tillegg vil dette påverke lærarresponsen elevane får i ulike tekstar. Dette fører til at kommande grunnskulelærarstudentar ofte har svakare skrivekompetanse enn forventa. Tonne hevdar det er liten grunn til å tru at kunnskapsnivået vil betre seg i stor nok grad for alle gjennom lærarstudiet (ibid.). 

Artikkelen av Bottenvann er som vist ovanfor av fleire grunnar sentral for emnet Norsk som literacy-fag. Grunnskulelærarstudentane sin skrivekompetanse er sentral for literacy-omgrepet sidan det i stor grad handlar om tekst- og skriftkyndigheit. I lys av relevant faglitteratur kjem det fram at skrivekompetansen til ein god del grunnskulelærarstudentar ikkje er god nok, men ved å bevisstgjere dette for studentane kan god skriveopplæring gjere dei til gode skrivelærarar. Lærarstudentane sin literacy-kompetanse er vesentleg for korleis elevane si skriveopplæring vil bli i framtida. For å auke literacy-kompetansen til elevane, er det avgjerande at læraren aukar den metaspråklege bevisstheita til elevane gjennom eit tydeleg medierande språk. Dette inneber mellom anna å vise fram skrivestrategiar knytt til skriveprosessar, slik som Bottenvann er inne på i artikkelen sin. Å arbeide tverrfagleg med skriving av fagtekstar ser derfor ut til å vere ein inngangsport for å utvikle grunnskulelærarstudentane sin skrivekompetanse.



Skrive av Birgitte Sæter Hånes  

Litteraturliste:
Blikstad-Balas, M. (2016) Literacy i skolen. Oslo: Universitetsforlaget. 

Bottenavnn, R. (2017) «Å utvikle grunnskolelærarstudentane sin skrivekompetanse». Tilgjendeleg frå:.https://www.idunn.no/file/pdf/67023625/aa_utvikle_grunnskolelaerarstudentane_sinskrivekompetanse.pdf Universitetsforlaget, s. 312-324 (12 s.)

Tonne, I. (2017) Lærarrespons på skriving i grunnskulen. Forståing, effekt og mogelegheiter.
I Fondevik, B. og Hamre, P. (red.). Norsk som reiskaps- og danningsfag. Oslo: Det norske
samlaget, s. 173-202. (29 s.)

Utdanningsdirektoratet (2015) Gi elever strategier de kan som de kan ta i bruk når de skriver. Tilgjengeleg frå: https://www.udir.no/laring-og-trivsel/lareplanverket/grunnleggende-ferdigheter/skriving/prinsipper-for-god-skriveopplaring/3-gi-elevene-strategier-som-de-kan-ta-i-bruk-nar-de-skriver/(sist lest 09.10.18)

Kommentarer

  1. Hei på deg, Birgitte!

    Først og fremst vil jeg si at du har utformet et velskrevet og informativt blogginnlegg med en god struktur. Du har en tydelig innledning der du skriver kort om temaet i artikkelen du har valgt. Du klargjør også for hva du skal gjøre i blogginnlegget, noe som allerede fra start skaper fin flyt i teksten. Det som jeg imidlertid la merke til var at du ikke presenterte artikkelens navn i innledningen, men dette kom uansett fram i det neste avsnittet. Du har valgt en artikkel med et interessant innhold og dette får du fram i din redegjørelse av artikkelens hovedinnhold. Artikkelen er på mange måter interessant fordi den er særlig relevant for oss studenter når det gjelder skrivestrategier. Din drøftingsdel hvor du ser på artikkelens relevans i forhold til NORD2600 er veldig bra og innholdsrik. Du nevner flere sentrale begrep som kritisk literacy og digital literacy, og du forklarer hva dette innebærer. Du henviser til relevant pensumlitteratur, noe som viser at du har god oversikt over emnet og at du evner å trekke paralleller. Bra!

    Det var en ting jeg merket meg som kan være lurt å ta en titt på. Du nevner i andre avsnitt "prosessorientert og autentisk skriving". Hva mener du med dette? Kanskje du kunne ha forklart begrepet etter at du har presentert det slik at det kommer tydelig fram hva det faktisk betyr. Du avslutter blogginnlegget med en kort oppsummering hvor du redegjør for blogginnleggets viktigste poeng. Dette skaper en rød tråd og god flyt i blogginnlegget. Det er tydelig at du er en erfaren blogger da du på en fin måte utnytter bloggplattformen som verktøy ved å ha med bilder og lenker gjennomgående i innlegget 😉.

    Godt jobbet og lykke til videre!

    SvarSlett
  2. Du har skrive eit interessant blogginnlegg som stil spørsmål ved skrivekompetansen til lærarar i grunnskulen. Teksten er gjennomgåande tydeleg, med god struktur gjennom teksten og god oppbygging mellom og i avsnitta. Du presenterer artikkelen på ein god og oversiktleg måte med god flyt i teksten. Eg vil anbefale deg å sjå på kjeldeføringa di, du kjem med nokre påstandar gjennom teksten utan at det er ført kjelder som kan støtte opp under påstandane. Elles er det god bruk av forskjellege kjelder, som har blitt knyta til forskingsartikkelen på ein god måte. Særleg positivt at du får knyta artikkelen din saman med sentrale literacy-typar. Du har gjort artikkelen relevant for dette studieemnet på ein god måte, med god bruk av omgrep og pensumlitteratur frå faget. Det er og veldig interessant å sjå dine refleksjonar rundt kvifor det er få studentar som nyttar faget, og du drøftar godt rundt problematikken med kvifor det er viktig med skrivestrategiar og skrivekompetanse. Likar godt at du har fått med forslag til korleis ein kan arbeide med problemet som artikkelen tek opp for å forbetre skrivekompetanse. Ville gjerne likt å sjå kvifor dette er spesielt viktig for norskfaget samanlikna med andre fag. Eit godt blogginnlegg som svarar på bloggoppgåva på ein svært god måte!

    SvarSlett
  3. Hei Birgitte!

    Du har skrevet et flott blogginnlegg. Jeg synes du har valgt en veldig interessant artikkel, og studien som opptar grunnskolelærere sin skrivekompetanse er også svært relevant for oss som lektorstudenter i norskfaget. Samtidig vil jeg si at det er flott at du tar med bilder i teksten, som er med på å bryte opp teksten. Slik ser vi at du behersker bloggsjangeren. Jeg liker at du starter blogginnlegget med å vise til Bottenvann sin studie om at kun 3 av 18 norskstudenter fikk godkjent på et obligatorisk arbeidskrav. Dette gjør meg som leser interessert fra første stund. Det er også fint at du tidlig presenterer hva blogginnlegget skal handle om. I tillegg er det fint at du tar med et søylediagram som illustrerer ditt poeng. Videre synes jeg du presenterer artikkelen godt, og det er en god flyt i teksten. Du har et godt språk og det er behagelig å lese. Du benytter deg også av relevante kilder som opptar det du skriver om, det er flott! Jeg liker også svært godt at du stiller spørsmål gjennomgående i teksten, slik som «Kva skrivestrategiar brukar eigentleg studentane?» og «men korleis blir ein betre på å skrive fagtekstar?». Dette er flotte åpninger av avsnittene som gjør meg som leser interessert og samtidig forteller hva avsnittene vil handle om.

    Noen kommentarer:
    Du benytter deg av noen begrep jeg ville ha definert: prosessorientert skriving, autentisk skriving og metaspråklig bevissthet. Disse begrepene er for meg noe ukjent, og ville ha hjulpet for den videre lesningen av teksten.
    Som sagt er det fint at du innledningsvis presenterer hva blogginnlegget skal handle om. Selv om blogginnlegget gjennomgående har en logisk oppbygning, kunne teksten ha hatt en tydeligere form for struktur som viser hva du skriver om i de ulike avsnittene. Noen undertitler som deler opp teksten hadde her vært å foretrekke. Eksempelvis: sentrale funn, artikkelens relevans etc. Slik hadde det blitt enklere for leseren å navigere seg gjennom teksten. Eventuelt skrevet slik: «et sentralt funn i artikkelen» og «et annet funn i artikkelen».
    Samtidig som du benytter deg av relevante kilder, hadde det vært fordelaktig om du hadde presentert de. Slik hadde det tydeligere kommet frem at du knytter artikkelen din opp mot relevant faglitteratur. Du trekker fram Tonne sin artikkel, og her kunne du ha presentert den og eventuelt nevnt at den er på pensumlista. Dette er også noe du kunne ha knyttet opp mot relevansen for emnet NORD2600, da artikkelen din kan knyttes opp mot faglitteratur vi allerede har på pensum.
    Du kunne også ha tydeliggjort hva literacy-begrepet innebærer, og hvorfor skrivekompetansen til elevene og studentene er en del av literacy-kompetansen. Her kunne du ha trekket inn hva emnet omhandler. Samtidig hadde det vært interessant om du hadde delt dine personlige tanker om skrivestrategier, elevers skrivekompetanse, hva utdanningen vår har å si for utviklingen av vår skrivekompetanse og kanskje noe om hva som kunne blitt gjort annerledes.

    Alt i alt er dette et godt blogginnlegg. Det er interessant lesning, og det ser ut til at du har hatt lest og forstått artikkelen godt. Godt jobba :)

    SvarSlett
  4. Hei Birgitte,
    Takk for en fin presentasjon av Bottenvanns artikkel! Du presenterer innholdet på en måte som gjør at jeg skjønner hva artikkelen handler om, både når det gjelder problemstilling og funn. Jeg synes også du knytter artikkelen til pensumlitteraturen på en god måte. Mye bra her, altså! Jeg har også noen kritiske bemerkninger. Du skriver blant annet at «I tillegg krev tverrfaglege prosjektet ofte kompetanse innanfor digital literacy» Jeg mener at man godt kan være tverrfaglig uten at det nødvendigvis er noe digitalt inne i bildet, så hvis du står inne for denne påstanden, må du argumentere litt mer for å overbevise meg. I og med at du skal forklare hvilke metodiske valg som ligger til grunn for artikkelen, bør du forklare litt mer hva Bottenvann gjorde for å innhente data (og hva slags data hun analyserte), samt hva «aksjonsforskning» er. Jeg synes også at denne passasjen kom litt brått på «Som lærarstudent vil eg fremme tverrfagleg arbeid i skulen. Eg trur dette kan bidra […] seinare i livet.» Kanskje du kan vurdere å flytte det ned som starten på neste avsnitt? Du skriver også at «Grunnskulelærarstudentane sin skrivekompetanse er sentral for literacy-omgrepet […]» Formuleringen kan lett tolkes som at «grunnskolelærerne sin skrivekompetanse» er en sentral del av begrepet literacy, noe som er en litt rar påstand.
    Lykke til med det videre arbeidet!
    Vennlig hilsen Heidi

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg fra denne bloggen

Grammatikk i skulefaget norsk og universitetsfaget nordisk

Læring av lærestoff og utvikling av språk på skolen- Noen metodiske ideer basert på utprøvde opplegg i Oslo-skolen

Retorikk i norskfag i skolen og på universitet