Får lærarstudentar nok kompetanse til å undervise i litterær analyse?




Skjønnlitteratur tapar terreng hos unge lesarar i dag, og skulen vert difor staden for møte med litteratur for mange elevar. Difor vert desse litteraturmøta essensielle for korleis elevar vidare kjem til å møte litteratur, og om dei kjem til å søke skjønnlitteratur i det heile. Eit viktig spørsmål vert då, er lærarstudentar førebudde for å hjelpe elevar gjennom litterære møter og analyse av litterære tekstar etter enda studie? Eg vil difor sjå på forholda mellom universitetsfaget NORD1104 – teori, sjanger og analyse og norskfaget i praksis, for å sjå på korleis emnet førebur studentar til å undervise i litteraturanalyse.

Kunnskapsløftet legg vekt på littære analyse og den kompetansen elevane skal oppnå gjennom skuleløpet, blant anna gjennom at elevar skal «lese og reflektere over et stort og variert utvalg av eldre og nyere tekster i ulike sjangere og fra ulike medier» (Utdanningsforbundet, 2013). Etter vidaregåande opplæring skal elevar blant anna vere i stand til å lese og analysere tekstar i forskjellege sjangrar, formidle moglege tolkingar, gjere greie for språklege verkemiddel og kva funksjonar dei har og ta stilling til desse tekstane og dei spørsmåla som teksten tek opp (Utdanningsforbundet, 2013). For at ein lærar skal vere i stand til å gje elevar moglegheita til å utvikle denne kompetansen, må han sjølv ha god kompetanse innan feltet. Emnet som skal gje framtidige norsklærarar denne kompetansen er NORD1104, som skal «gi studentene praktisk øvelse i å bruke det teoretisk-metodiske stoffet for å analysere enkelttekster og greie ut om ulike teksttyper. Studentene skal også lære å reflektere over premissene for og formålet med det analytiske arbeidet» (NTNU,2018).  Dette emnet legg altså vekt på å la studentar øve seg på litterær analyse gjennom ei semesteroppgåve og ein heimeeksamen, med førelesningar og gruppeseminar rundt ei fastsett liste med pensumlitteratur som undervisning.

Om ein samanliknar læreplanmåla i norskfaget og læringsutbyttet frå NORD1104, kan ein sjå at måla overlappar i stor grad, og emnet vert slik ei vidareutvikling frå den litterære analysen i norskfaget. Det eg ser på som særleg viktig utbytte er refleksjonen rundt tekstane og det analytiske arbeidet. Denne prosessen rundt lesing og analyse er framheva av fleire, blant anna Blau, som tek opp problemet rundt studentar som mottakarar for tolkingar og analyse i staden for sjølvstendige produsentar av dei (Blau, 2003:1). Spørsmålet vidare er om emnet verkeleg greier å legg til rette for eit slikt læringsutbytte der studentane sjølv vert produsentar for tolkingar? Dei fleste universitetsfag, særleg baserer seg hovudsakeleg på førelesningar i store førelesningssalar der ein kan formidle kunnskap til mange studentar.

Blau argumenterar for tre dimensjonar av litterær kompetanse som er sentrale i litterær analyse, nemleg tekstuell og intertekstuell kompetanse og mogleggjerande kunnskap (Blau, 2003:17). Den mogleggjerande kunnskapen består av visse trekk som gjer elevar i stand til å møte og reflektere over utfordrande tekstar, blant anna gjennom metakognitivt medvit og evna til å ta sjansar og feile i litterær analyse (Blau, 2003:27). I teorien skal studentar utvikle desse evnene gjennom å reflektere over det analytiske arbeidet og møte utfordrande tekstar, men eg er usikker på om NORD1104 legg til rette for slik utvikling.

Blau skriv om sin eigen erfaring i undervisning, der alt studentane lærte gjennom førelesning var kva han som førelesar meinte var ei god lesing av ein tekst, utan at studentane ein gong har fått øve seg på å utfordre seg sjølv ved vanskelege tekstar (Blau, 2003:25). Dette var noko eg og fekk kjensla av ved universitet, at det var lettare å berre vente til førelesning og få servert ei tolking i staden for å prøve å finne ut av ei tolking sjølv, som kanskje var heilt på villspor. Eg merkar sjølv gjennom min praksis at det er mykje enklare å berre gje elevane dei svara eg trur er riktige, i staden for å utfordre elevane på sine perspektiv og forståing og få inkludert klassen gjennom innspel. Aase skriv om dette ansvaret som læraren har i litterære samtalar, som er ein svært usikker og utfordrande prosess for læraren, sidan det krev mykje av læraren å få gode innspel frå klassen og kunne ta med desse vidare inn i samtalen, samtidig som ein skal sørgje for at alle elevane vert ført i ei retning som fordrar læring og danning (Aase 2005:118). I mi erfaring krev det og ein del arbeid å få elevane litt vekk frå tanken på læraren som kunnskapsformidlar med ein fasit, og få dei til å ta sjansar for å utvikle sin analysekompetanse, særleg i store klassar med mange elevar. I løpet av praksisen min har eg fått arbeide med ei klasse med få elevar, der vi har fokusert på lesing og skriving som prosess. Gjennom dette arbeidet har eg lært mykje av det å prøve å få elevane til å reflektere, både i samtalar med ein og ein, men og i grupper og plenum, noko som har vore veldig interessant å sjå etter kvart som elevane tør i større grad å ta sjansar og støtte kvarandre i innspel og spørsmål som dukkar opp i lesinga.

Smidt påstår at for at ein skal skape eit aktivt læringsmiljø som legg til rette for danning, burde klasserommet «være et frirom for å prøve ut nye tanker og uttrykksformer i dialog både med tidligere tiders tanker og former og samtidas»(Smidt, 2009:11). Dette er noko eg saknar i større grad i fagemnet NORD1104, der det kan opplevast som utfordrande å kome med nye og eigne tolkingar sidan pensumlitteraturen stort sett består ei stor mengde nordiske klassikarar som har vorte analysert av mange professorar over lenger tid. Forskjellen mellom kompetansen til professorar og studentar kan verte ekstra tydeleg og føre til ei kjensle av utilstrekkelege evner for litterær analyse hos studentane om førelesar ikkje legg til rette for eit godt læringsmiljø for litterære samtalar (Blau, 2003:22). Det kan og fort verte, både i universitetsfag og i norskfaget, eit veldig fokus på å prestere for å få gode karakterar, noko som eg trur kan verke hemmande på evna til å ta sjansar og risikere dårlege karakterar. Slik går ein glipp av lesinga som ein prosess, særleg om ein les mange tekstar. I staden risikerer ein at prosessen vert redusert til at ein får utdelt ei tolking og slik går gjennom mange tekstar utan å verkeleg få gå i djupna på fleire tekstar, kanskje med unntak av den eine teksten ein skriv eksamen om.

I kva grad lærarstudentane vert førebudde på å legge til rette for den litterære samtalen i klasserommet, avhenger i stor grad av korleis fagemnet vert lagt opp og eigen innsats i undervisninga på universitetet. Universitetsfag baserer seg i stor grad på førelesningar, og sjølv om NORD1104 legg opp til gruppeseminar der ein har moglegheita til å delta med eigne tolkingar, kan desse og fort verte prega av at leiaren av seminaret tek ein tydeleg ekspertrolle, og er den som har fasiten på analysen, særleg om studentar ikkje bidreg i diskusjon med sine innspel. Difor trur eg at det er viktig at førelesarar legg til rette for eit læringsmiljø med lav terskel for innspel, slik at studentar kan utvikle sin mogleggjerande kunnskap til eit slikt nivå at ein sjølv kan skape gode miljø for litterære samtalar i klasserommet. Dette krev at studentane tør å ta sjansar og kanskje feile. Dette trur eg og er viktig å øve på både i studia og når ein sjølv skal halde undervisning, for å betre kunne utvikle seg sjølv og sin praksis.

 Skriven av Elise Myrhol Devik

Referanseliste
Aase, L. 2005. Litterære samtalar. I B. K. Nicolaysen og L. Aase (red.) Kulturmøte i tekstar. Litteraturdidaktiske perspektiv, s. 106-124. Oslo: Samlaget
Blau, S. 2003. The Literature Workshop. Teaching Texts and Their Readers, kap. 1 og 10. Portsmouth, NH: Heinemann
NTNU (2018). NORD1104- teori, sjanger og analyse. Henta frå https://www.ntnu.no/studier/emner/NORD1104#tab=omEmnet
Smidt, J. 2018. Norskfagets dimensjoner. I Norskfaget mellom fortid og framtid. Scene og offentlighet, s. 75-96. Oslo: Fagbokforlaget/LNU.
Utdanningsdirektoratet. (2013) Læreplan i norsk (NOR1-05). Henta frå https://www.udir.no/kl06/NOR1-05

Kommentarer

  1. Hei Elise!
    Du har skrevet et godt blogginnlegg. Jeg vil først fremheve det jeg synes er spesielt bra med teksten og så komme med noen forslag til eventuelle endringer og nye tanker du eventuelt kan reflektere videre på.

    Jeg synes det er en ryddig, god og lettfattelig tekst. Det er interessant at du skriver om noe innenfor samme tematikken som du skrev i forrige blogginnlegg. Kanskje har du også hatt god nytte av dette selv? Du er gode forklaringer av fagartiklers hovedinnhold og bruker dette på en god måte i din diskusjon. Innledningsvis synes jeg det er bra at du har en problemstilling og merker nå at dette er noe jeg også burde hatt. I tillegg bruker du erfaringer fra praksis på en god måte og reflekterer over disse. Du bruker også erfaringer fra universitetsfaget på en ærlig og god måte; det er som du sier enklere å vente til man hører foreleserens "riktige" tolkning. Avslutningsvis har du en god avslutning hvor du også kommer med konkrete forslag i hvordan man kan forbedre NORD1104, noe som er veldig bra!

    Som sagt er teksten veldig god, men her er noen forslag til endringer. Kanskje du kunne knyttet blogginnlegget enda tydeligere til ditt forrige blogginnlegg for å tydeliggjøre at du skriver om noe innenfor samme tematikken og skape en kontinuitet i egen skriving. Da jeg merket at du skrev om det samme synes jeg det var en fin ting og det er en god mulighet til å knytte sammen ulike aspekt innenfor samme tematikk og oppnå mer dybdelæring for en selv. Du har et godt språk, jeg så kun noen småfeil. Det kan være lurt å lese over teksten en gang til (se f eks siste setning 3. avsnitt). Ellers savnet jeg å vite hvilket trinn kompetansemålet som ble direkte sitert, gjelder. Andre ting du kan tenke på er hvordan du kan utnytte sjangeren og plattformen blogg enda bedre. Jeg vil også utfordre deg til å vurdere å skrive noen tanker om samsvaret mellom valg av litterære tekster i skolen og på universitet. Hva med valgfriheten i LK06 og pensumet i NORD1104 og kanon i de to "fagene" generelt? Er det noe i arbeidet med fagfornyelsen som er relevant å ta med? kjerneelementer? Dette er som nevnt bare tanker og forslag som du kan vurdere. Jeg synes du har skrevet en veldig god tekst, forsett sånn!

    SvarSlett
  2. Hei Elise!

    Først og fremst vil jeg si at jeg synes dette er et veldig bra skrevet blogginnlegg. Du er flink til å implementere fagstoff og praksiserfaringer på en veldig god måte. Dette bidrar til å gi teksten din en veldig god flyt og struktur. Bra! Jeg liker hvordan du i 3. avsnitt sammenligner målene i Nord1104 og norskfaget. Dette bidrar til å vise at det disiplinfaglige emnet er en forlenging av det vi har lært i norskfaget på skolen. Det er spennende det du skriver om at lærerne ikke må gi svarene til elevene, men heller tilrettelegge for en undervisning som utfordrer elevenes perspektiver og forståelse. Bra! Jeg tenker det er veldig viktig at læreren legger opp en undervisning som fokuserer på at elevene er aktivt deltakende. På denne måten vil elevene få innspill fra flere av sine medelever, noe som også vil bidra til at elevene kan endre/utvikle sine tanker og forståelser. En annen ting jeg særlig bet meg merke i var det du skrev om at foreleseren må skape et læremiljø som også tar høyde for at studentene får feile. Jeg savner dog at du gjerne kommer med egne tanker og refleksjoner om hvordan dette faktisk kan gjennomføres i praksis.

    Selv om jeg synes innlegget ditt har et gjennomgående godt språk, er det noen setninger som er litt lange. Andre setning på nest siste avsnitt er litt langt. Her kan et tips være å korte det ned. Dette kan gjøres ved for eksempel å dele opp setningen i flere setninger, eller omformulere den. For eksempel kan du skrive: ”Dette er noko eg saknar i større grad i fagemnet NORD1104. I emnet kan det opplevast som utfordrande å kome med nye og eigne tolkingar sidan pensumlitteraturen stort sett består av ei stor mengde nordiske klassikarar som har vorte analysert av mange professorar over lenger tid”. Ellers bruker du et veldig godt språk i innlegget ditt, jeg merket meg kun noen små feil. Alt i alt vil jeg si at dette innlegget var veldig bra skrevet. Fokuser på disse tilbakemeldingene i videre arbeid med teksten, så vil teksten bli enda bedre. Lykke til videre!

    SvarSlett
  3. Hei Elise :)

    Jeg synes du innleder blogginnlegget ditt på en god måte ved å aktualisere og ha med problemstilling. Det er også bra at du presiserer hvilket nordiskemne du har valgt å knytte opp mot norskfaget i skolen. Andre avsnitt synes jeg er veldig informativt og nyttig. Det er bra at du viser til LK06 og den kompetansen som elevene skal oppnå i norskfaget, og at du redegjør for hva emnet NORD1104 innebærer. Videre sammenligner du læreplanmålene i norskfaget og læringsutbytte fra nordiskemnet. Her viser du evne til å reflektere over forholdet mellom skolefaget og universitetsfaget, bra! Du benytter deg av flere relevante artikler fra pensumlitteraturen og bruker de må en god måte. Du trekker også inn egne erfaringer noe som gjør at blogginnlegget får et mer personlig preg, som gjør at saken blir belyst fra flere sider. Interessant. Du viser at du er en reflektert student.

    Jeg synes innlegget ditt har en god flyt hvor du presenterer interessante poeng. Særlig det du skriver om at "[...]det var lettare å berre vente til førelesning og få servert ei tolkning i staden for å prøve å finne ut av ei tolkning sjølv [...]" var lett å kjenne seg igjen i. Dette er jo noe som foregår både på skolen og på universitetet. Du presenterer gode forslag i hvordan dette kan forbedres, blant annet at læreren må legge til rette for å skape et læringsmiljø med lav terskel for innspill.

    Jeg synes du har et godt språk og har generelt lite å påpeke på det. Når det gjelder bruk av bloggplattformen så synes jeg du med fordel kan utnytte bloggverktøyene enda mer, for eksempel ved å sette inn flere bilder og lenker. I andre avsnitt trekker du inn kompetansen som elevene skal oppnå gjennom skoleløpet, men hvilket trinn referer du til her?

    Alt i alt så synes jeg du har skrevet et bra og informativt innlegg som kan bli enda bedre ved å lese gjennom teksten på nytt og fokusere på bloggkommentarene. Lykke til videre!

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg fra denne bloggen

Grammatikk i skulefaget norsk og universitetsfaget nordisk

Læring av lærestoff og utvikling av språk på skolen- Noen metodiske ideer basert på utprøvde opplegg i Oslo-skolen

Retorikk i norskfag i skolen og på universitet